top of page

Villa Kviteneset - bli med inn

  • Sara
  • 1. nov. 2022
  • 1 min lesing



ree


Villa Kviteneset ligg idyllisk til innerst i Dalsfjorden.

Med utsikt til Osen gard, fjorden og fjella rundt var det viktig for eigarane med store vindu som blei nøyaktig plassert slik dei fekk den utsikten dei ønska.


Huset er på ett plan og er bygd i ei lengde utan vinklar. Ein har likevel fått til ein lun uteplass på eine langsida ved å bygge ei utebod med tilhøyrande takoverbygg ved inngangspartiet.


ree

Huset har ingen nivåforskjellar og er tilpassa slik at eigarane kan bli gamle der.


ree

ree

Det er nytta materialer av høg kvalitet. Fasaden er av vedlikeholdsfri kledning fra Superwood og i gangen er det lagt skifergolv.


ree

Huset består av open stue- og kjøkken løysing. Eit rom som innbyr til sosialt samvær. Kjøkkenøya er plassert slik at ein kan lage mat og sjå på den flotte utsikta, samtidig som ein har kontakt med gjestar som sit enten i stova eller rundt spisebordet.


ree

Stove og kjøkken er i heile bredda på huset, noko som gjer at det blir eit fantastisk lysinnslepp frå tre sider.

ree

ree

Interiørarkitekt fra Xform har teikna interiøret og laga lysplan for heile huset.

ree

Den plassbygde benken i vinduet blir ofte nytta til middagskvilen eller å lese ei god bok. Sittebenken er nøye planlagt for å utnytte plassen til det fulle.



ree



ree

Badet har ein romsleg dusj med fliser av høg kvalitet. I nisjene i veggen over toalettet er det innfelt led-belysning.


ree


 
 
 

Kommentarer


Miljofyrtarn_Sertifisert-virksomhet_Positiv-horisontal_Liten.png
  • Grey Facebook Icon
  • Grey Instagram Icon

© 2023 av Xform AS

bottom of page