top of page

Villa HB - bli med inn

  • Sara
  • 2. sep. 2022
  • 2 min lesing

Oppdatert: 6. sep. 2022




Villa HB er ein villa litt utanom det vanlege. Med sine runde former og eksklusive materialer skil den seg ut der den ligg i eit bustadfelt dominert av eldre bygg fra 70- og 80-talet. Eigarane var så heldige å få kjøpe ei sentral tomt i eit ettertrakta nabolag. Dei hyra inn Xform arkitektar til å teikne huset og er strålande fornøgde med resultatet dei har fått.



ree
ree

Kjøkkenet er frå JKE og kjøkkenøya er spesialbygd av Jølster bygg. Dei runde formene ein ser utanfrå går også igjen på kjøkkenet. Treverket på innredninga og veggane er det samme som golvet og er av såpevaska Douglas gran fra Dinesen. Treverket gir liv og ein god lunheit til ein ellers nøytral bakgrunn. Benkeplata på kjøkkenet er av Corian, og er enkel å vedlikehalde.


ree

Huset har to etasjar, men har alle hovudfunksjonar samla på eit plan. Hovudetasjen er delt inn i tre ulike soner. Barna har sin eigen soveromsfløy med tilhøyrande baderom og tv-stove. Soverommet til dei vaksne har ein eigen walk-in garderobe og bad. Desse to sonene er skilt med ei sosial sone som inneheld ei delvis open kjøkken/ stove løysing, med ein peis som romdelar.


ree

Baderomma i huset har gjennomgåande nøytrale tonar slik som resten av huset. Begge bada har rikelig med dagslys inn gjennom store vindauge. Her er ingen innsyn, så her kan ein nyte eit bad med utsikt til det grønne nærområdet. Senger, garderobe og skrivepultar på barneromma er spesialbygd av Jølster bygg og er i samme materiale som golvet.


ree
ree



ree


ree


Alle områder i huset er god utnytta. På soverommet er det laga ei plassbygd hylle i forlenging av veggen. Nattborda er laga av Jølsterbygg og gardinene i lin er levert av Marias hus.

ree

ree
ree


Golvet i huset er ein kombinasjon av slipt betong og Douglas gran frå Dinesen - sømlause overgangar. Trappa er levert av Trappeprodusenten i Askvoll.



ree
ree


ree


ree

Veggkunsten er laga av Kvistad som også er gode vener av eigarane av huset. Belysninga i huset er godt planlagt og armatur er levert av Unilamp.


ree
ree


ree

Fasaden består av ein kombinasjon av ulike materialer; malt trekledning, murpuss og Formaica plater med trestruktur som er slissa opp i plankebredde.



ree

Godt skjerma uteplass med lite innsyn. Bedet i midten er eit naturleg samlignspunkt og skapar ei fin brytning til den grå muroverflata.



ree

ree



© Xform

















 
 
 

Kommentarer


Miljofyrtarn_Sertifisert-virksomhet_Positiv-horisontal_Liten.png
  • Grey Facebook Icon
  • Grey Instagram Icon

© 2023 av Xform AS

bottom of page