top of page

Stockholm furniture & light fair

Vår interiørarkitekt, Sara, tok turen til Stockholm furniture and light fair i byrjinga av februar -

ei av nordens største interiørmesser. Her kjem ei real inspirasjonsbombe med oppsummering og nokre smakebitar frå trendbiletet idag:



fargar

Messa var full av fargar; fargar på møblar, veggar, golv, tekstilar, belysning og anna. Fargepalettane hadde stor nyanserikdom, og inneholdt fargar med lav metning i kontrast til sterkare kulørar. Herleg å sjå at bruken av farge har blitt ein så sentral del av notidas interiør, og at det er blitt eit viktig verkemiddel for merkevarebygging og begeistring!



tekstil

Draperte gardiner som dekkar heile veggflater eller nytta som soneinndelar vart mykje brukt, og er noko som pregar trendbiletet for heimemiljø like mykje som kontor og retail. Tekstilen skapar ei lun og innbydande sone, og er med på å skape god romfølelse og akustikk. Saman med tesktilar på møblar og tepper kan ein enkelt skape ein heilheitleg men variert palett.



tre

Treverk er eit viktig element i den skandinaviske stilen. Eik og ask er to sortar som vert brukt mykje innan møblement, men ein ser óg at det kjem fleire innslag av farga/beisa trefiner i nyansar som kan skape nye spennande interiør - Kinnarps lanserte beisa ask i 11 fargar!



golv

Messa viste mange standar med monotone golv med farge, som spelte ei stor rolle i standens konsept. Sjølv om treverk framleis i stor grad står sterkt når det kjem til val av golv, oppfattar eg at bruken av golvbelegg, linoleum og tepper har fått ein renessanse og eit utvida bruksområde. Golvbelegg og linoleum ser ein oftare brukt som overflater på møblar og inventar, og har stor variasjon i uttrykk og gode produkteigenskapar.



stiluttrykk

Til tross for mange produkt, fargar, material og inntrykk føler eg likevel at eg kan oppsummere stiluttrykket med tre stikkord: varm minimalisme - komplekse palettar - transparens. Enkle former og eit reint uttrykk, kombinert med ein farge- og materialpalett med stor nyanserikdom og strukturforskjell. Transparente flater, som til dømes tekstilar, foliert glas og kanalplast, vert brukt til å skape soner og holde eit ryddig uttrykk samstundes som det følast ope og luftig. Saman skapar dette eit varmt, innbydande og minimalistisk stiluttrykk som absolutt speglar trendbiletet i dag.



bærekraft

Det var fokus på bærekraft mtp møbelets/materialets resirkulerbarheit, samt samansetting av komponentar. Nokre leverandørar gjev produkta sine ein bærekraftskarakter, nokre har returordningar for resirkulering, og det er eit større fokus på å synleggjere dette ovanfor kjøpar/forbrukar. BAUX, til dømes, vant årets beste stand og presenterte eit nytt akustisk produkt som er 100% bio-basert og nedbrytbart!





















 


DESIGNBAREN 2019 - Anderssen & Voll

Den norske designduoen designa årets restaurant på messa - ein restaurant som óg kunne opplevast om ei utstilling som inneholdt fleire av duoens møblar og nyheiter. Designbaren var inspirert av skandinaviske atrium og japansk estetikk, med fokus på bruk av treverk og å skape ei fredfull og roleg atmosfære. Eit god pusterom frå den ellers inntrykksfulle messa!






Håpar du blei inspirert!

- Sara -


0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page