top of page

: showrooms og utstillingar

Turen til Stockholm bydde óg på herlege showrooms og utstillingar i samband med messa:


snowtopped

Skapt av Tarkett i samarbeid med Note Design Studio. Installasjonen er som eit vinterlandskap i bølgende former, og viser dei mange designmoglegheitene Tarkett sine produkt har i tillegg til tradisjonelle golvflater. Snowtopped er laga av ulike golvbelegg i frå vinylserien "iQ", samt linoleum. Det er kjekt å sjå det tradisjonelle golvbelegget bli nytta på ein ny og annleis måte, og inspirerar til å tenke nytt rundt produkt og bruksområde!


Tarkett satt óg fokus på bruk av sveisetråd som ein kreativ og effektfull måte å lage unikt design på, både når det gjeld golv og møblar.

Bileter frå Tarkett



spatial sensibilities

Eit samarbeid mellom Frama Studio og Andreas Martin-Löf Arkitekter. Frama sine produkt visast på mesterleg vis i dei behaglege og nyleg renoverte lokala til arkitekten. Med fargar frå Jotun sitt siste fargekart er det skapt ei roleg, lun og luftig atmosfære. Bruken av eik og keramikk mot hardare material som metall og spegelar, gjev ein perfekt balanse og eit stilreint uttrykk. Ein liten spaopplevelse i interiørform ;-)

Bileter frå Frama



the fenix palace

Ei utstilling av My Residense i samarbeid med blant anna Ariake, Wästberg, Origin og TurnHandels. Utstillinga viser japansk handverk saman med andre utplukka designarar og produkter i eit fantastisk lokale med interiør frå 1912, The Fenix Palace. Ein perfekt mix av japanske og skandinaviske formuttrykk!

Bileter frå MyResidence

0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page