_25A6215_apotekargarden.jpg

XFORM EIENDOM AS

Xform Eigedom er ein moderne og fremtidsretta utbyggar med gjennomføringsevne gjennom god marknadsinnsikt.

Xform Eigedom er prosjektutviklaren og byggherren som er opptekne av å utvikle nye konsept-og produktløysingar som tilfredsstiller stadig aukande krav.
I bustadsmarknaden har vi som eigedomsutviklar heile tida hatt ein klar visjon om å skape bustader for den kvalitetsmedvitne.

Har du ei tomt, område eller bygg som egnar seg for utvikling eller transformasjon er vi interessert i å kome i kontakt med deg!

X.BU KVAMSFOSSEN

Xform ynskjer å kunne tilby gode tomter og bustadprosjekt av høg kvalitet. Ved Kvamsfossen har vi no starta planlegginga av eit nytt bustadfelt - tett på naturen og med kort veg til skule, barnehage og andre viktige funksjonar i kvardagen. Her ynskjer vi å etablere eit heilskapleg bustadområde med 12 einebustadar - med moderne arkitektur, eit godt bumiljø og varierte, gode areal for uteopphald. Kvamsfossen bustadområde ligg vakkert til mellom Angedalselva og Gilgrova. Elvebrus, blåbærlyng, lauv- og furuskog gjev området særpreg. Vi vil tilby arealeffektive bueiningar av høg kvalitet med god funksjonalitet og lite behov for vedlikehald. Prosjektet vil legge vekt på på miljøriktige løysingar og ei skånsam tilnærming til eksisterande landskap og vegetasjon.

 

Gjennom dette prosjektet ynskjer vi å vise at eit bevisst og målretta arbeid med arkitektur i skånsamt samspel med naturen gjer eit heilskapleg og attraktivt bustadområde og legg rammene for eit godt bumiljø. Her er naturen premissgjevar for bustadene -

ikkje omvendt. Vi i kallar det ARK-I-NATUR.

Ta kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon!

Kontakt oss

  • Facebook
  • Instagram
Takk for henvendinga!