20170823_Ullsentralen_0100.jpg

- ARKITEKTUR -

Xform skapar arkitektur med identitet som gjev uttrykk for vår tid, eit formspråk det moderne menneske kan identifisere seg med. 

 

Xform har brei erfaring frå prosjektering innan alle typar bygg- og planprosessar, og har god tverrfagleg røynsle med å jobbe med Open BIM-modell (Building Information Modelleing). Xform har alltid fokus på å gjennomføre prosjekt til det beste for våre oppdragsgjevarar. 

Prosess
med arkitekt

01

Innsikt og rådgiving

Byggherre og arkitekt tek eit uforpliktende møte, diskuterer omfanget av oppdraget, honorar m.v. og anslår dei økonomiske rammene. Det kan verte naudsynt eller nyttig med visse undersøkingar før ein går igang med samarbeid og prosjektering. Xform har god erfaring med involvering på eit tidleg tidspunkt, heilt i frå idé, tankar og programmering.

03

Arbeidsteikningar

Arbeidstegninger tilsvarer ein tredjedel av honoraret. Desse gjev eit klart bilete av det som skal lagast, med mål, materialkvalitet og i målestokk. Rolla til arkitekten i fase 3 (detaljprosjektering og oppfølging) er først og fremst å sørgje for at intensjonane i prosjekteringa vernast under bygginga. I denne fasen må underkonsulentar innhentast for tverrfagleg godt samarbeid. Ved totalentreprise vert ofte detaljteikningar gjort i samarbeid med valde entreprenørar.

02

Skisseprosjekt og søknad

Skisser, forprosjekt og søknad er byrjinga på oppdraget i forhold til utforming og tegning. Arbeidsmengda i fase 2 tilsvarer omtrent 1/3 av det totale honoraret. Gode prosjekt oppstår gjennom gode prosessar og då er kanskje den viktigaste fasen programmering- og skissefasen. Dette er den kreative fasen og er der dei viktigaste føringane vert lagt for prosjektet. Heilskapleg arkitektur handlar ofte om å definere oppgåva, og er ei investering for framtidig verdiskaping. Det er ei sjølvfølge for Xform at det vert nytta 3D verktøy i alle prosessfasar og at ein i dei større prosjekta jobbar med ein open BIM modell (Building Information Modelling). Sjølve søknadsprosessen er etterkvart ei noko omfattande prosess i tilhøve lover og forskrifter. Bakgrunnen for dette er å sikre gode løysingar og høg kvalitet. Søknad om løyve skal utarbeidast av eit godkjent føretak (ansvarleg søkar). Ansvarleg søkar må sørgje for rett kompetanse for både prosjekterings- og utførelsesfasen. Dersom det vert engasjert ansvarlege og profesjonelle foretak, er søkeprosess med kommunen normalt sett ein relativ smidig prosess. Xform kan gje råd om forståing av dei meste sentrale lovane og forskrifter innanfor byggesaksfeltet, herunder plan- og bygningslova, Teknisk forskrift, Byggesaksforskriften, arbeidsmiljøloven og anna regelverk. Slik forståing har vist seg svært verdifull i alle delar av eit oppdrag; blant anna for å redusere risiko og usikkerheit for etterfølgande fasar av prosjektet. Ved regulering- og dispensasjonsøknadar er normalt sett søknadsprosessen både ressurs- og tidkrevjande. I slike tilfelle må ein óg pårekne lenger saksbehandlingstid. Xform bistår gjerne i ein tidleg fase, for å sikre ein rasjonell søknadsprosess og godt samarbeid med kommunen.

04

Anbod og oppfølging

Vurdering av anbud, oppfølging under byggeprosessen og befaring er den siste tredjedelen av honoraret, som forfell når bygget står ferdig med ein omforent rest til garanti er ute. Å byggje i dag er ei stor investering, men òg ein stor verdi dersom rett kompetanse vert nytta!

Kostnad
med arkitekt

Dersom oppdraget omfattar alle 4 fasar i ei byggeprosess, vil honoraret anslagsvis ligge mellom 7 og 10% av entreprisekostnad. Fullt arkitektoppdrag omfattar alt arbeid til og med garantisynfaringa. Kyndig byggherre, dugelege handverkarar og enkel detaljering gjer prosessen smidig og meir kostnadseffektiv. Det er viktig at dei økonomiske rammene vert fastlagt før samarbeidet vert igang sett.

Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod!

 

PRISAR &

UTNEMNINGAR

2018  -  Byggeskikkprisen, Førde Kommune  :  Storehagen 3, Ullsentralen

2017  -  Byggeskikkprisen, Florø Kommune   :  Leirvåggata 1, Fokus Elektro

2017  -  Sol Design nominert til DS Awards Best Interior, samarbeid m. klinikk i Ullsentralen

2016  -  Byggeskikkprisen, Førde Kommune  :  Øvre Fossheim 4, Villa H

2015  -  Byggeskikkprisen, Porsgrunn Kommune :  Heistad, Frankebukta nabolag, 7 bustadar

2005  -  Byggeskikkprisen, Førde Kommune  :  Hafstadvegen 76, Kontor- og forretningsbygg