Magne Hafstad AS

Magne Hafstad AS

Administrasjon- og verkstadbygg for Magne Hafstad AS

Stad: Førde Byggeår: 2019


Arkitekt: Xform Arkitektar

Interiørarkitekt: Xform Arkitektar

Byggherre: Magne Hafstad AS Entreprenør: Gravdal bygg Leverandør fasadeelement: Block Berge

Leverandør betongelement: Førde sementvarer

Slipte betonggolv: Jølster betongbygg



 

Arkitekten sine tankar

Administrasjonsbygg for Magne Hafstad AS er eit kombinert kontor- og verkstadbygg for større køyretøy. Bygget inneheld ein kontordel for 10 tilsette, kantine og garderobefasilitetar for 48 tilsette, samt lager, verkstad med traverskran og vaskehall.

Oppdragsgjevar Magne Hafstad AS er ein grunnentreprenør. Dette har arkitekten teke utgangspunkt i og forsøkt å gjenspegle i det arkitektoniske uttrykket av bygget. Temaet er ein fjellsprekk som symboliserer entreprenøren sitt arbeid med å bearbeide fjell og grunn til noko rafinert.

Fasadematerialet er polerte betongelement i mørk farge med tilslag av larvekitt. Dette gjev eit ekslusivt og solid bygg som gjenspeglar entreprenøren sitt virke og filosofi. For å bryte opp bygget har ein kombinert betong med bruk av naturstein som underbygger konseptet med bearbeidinga av fjell og grunn. Fasaden er brutt opp med utanpåliggande «fjellsprekker» utført i perforerte stålplater. Desse lyssetter fasaden på ein diskret måte når det er mørk. Dei er óg med på å bryte opp ein elles monoton fasade.

Bygget er i utgangspunktet eit enkelt «industribygg», men materialbruken og detaljeringen har heva inntrykket og kvaliteten til eit anna nivå.

Filosofien og materialbruken er óg teke med inn i bygget. Ein grunnentreprenør treng robuste og haldbare omgivnader då ein ofte kjem direkte frå byggeplass med grove skitne sko. Golva inklusive trapper i kontordelen er utført i slipt betong etter HTC-metoden. I sjølve fjellsprekka er natursteinsmuren tatt med inn som ein link mellom ute og inne. Kombinert med olja eik og eit gjennomarbeida belysningskonsept gir dette eit varmt og holdbart materialkonsept.



Byggherren sine tankar

Byggherre var bevisst i valet av betong som kontruksjonsmateriell. Bygget rommar ein vaskehall og ein verkstad som genererer mykje støy. Ved å velje betong framfor til dømes stål får ein naturleg eit meir støydempande materiale. I tillegg har ein utforma bygget og planløysing slik at verkstad og vaskehall ligg bakerst i bygget med eit lager som skille mellom vsakehall/ verkstad og kontor/ kantine.

Magne Hafstad er ein grunnentreprenør med ein tilhøyrande stor maskinpark. Maskinene køyrer dagleg inn og ut av bygget og slitasjen på golvet er stor. Betonggolv og veggar er nærmast vedlikehaldsfrie og såleis eit naturleg val i eit slikt bygg. Til dømes køyrer dei knusarar på 55 tonn inn i bygget utan at det blir merker i golvet.

Byggherre er svært nøgd med materialvalet og hadde eit bevisst forhold til valet av materiale når bygget var i planleggingsfasen.



Entreprenøren sine tankar

Ut frå arkitekten sine teikningar, kravspesifikasjonar og byggherre sine ønske, skulle de?e bygget ha robuste og gode kvalitetar.

For oss var det viktig å nytte ein leverandør av betongelement med lang erfaring med slik overflater som var beskrive, vi valde difor Block Berge på utvendige fasadeelement. Vi brukte også betongelement innvendig i skiljeveggane mellom vognhallane for å få ei gjennomført god og robust løysing som toler den røffe bruken som er i ein maskinverkstad. Desse elementa vart levert lokalt, av Førde Sementvare.

Skal vi trekke fram løysingar som vi er særleg fornøgde med, er det fjellsprekka ved inngangspartiet. Her måtte det god planlegging til for å få gode samanføyingar mellom betongelement, naturstein, glasfasade samt eikespiler i himling både innvendig og utvendig. Godt samarbeid i prosjektering og utføring mellom oss, Xform, Block Berge og murar Anleggsgartnar Baarøy gav oss eit flott resultat.