top of page
Kvamsfossen

Kvamsfossen

Kvamsfossen - nytt prosjekt!

Xform ynskjer å kunne tilby gode tomter og bustadprosjekt av høg kvalitet. Ved Kvamsfossen har vi no starta planlegginga av eit nytt bustadfelt - tett på naturen og med kort veg til skule, barnehage og andre viktige funksjonar i kvardagen. Her ynskjer vi å etablere eit heilskapleg bustadområde med 12 einebustadar - med moderne arkitektur, eit godt bumiljø og varierte, gode areal for uteopphald. Kvamsfossen bustadområde ligg vakkert til mellom Angedalselva og Gilgrova. Elvebrus, blåbærlyng, lauv- og furuskog gjev området særpreg. Vi vil tilby arealeffektive bueiningar av høg kvalitet med god funksjonalitet og lite behov for vedlikehald. Prosjektet vil legge vekt på på miljøriktige løysingar og ei skånsam tilnærming til eksisterande landskap og vegetasjon.

Gjennom dette prosjektet ynskjer vi å vise at eit bevisst og målretta arbeid med arkitektur i skånsamt samspel med naturen gjer eit heilskapleg og attraktivt bustadområde og legg rammene for eit godt bumiljø. Her er naturen premissgjevar for bustadene -

ikkje omvendt. Vi i kallar det ARK-I-NATUR.

Ta kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon!

bottom of page