top of page
Bustadfelt Porsgrunn

Bustadfelt Porsgrunn

Bustadfelt m. 7 bustadar

2013

Frankebukta, Heistad i Porsgrunn


«Byggeskikkpris 2015», for sju funkishus i eit nabolag.

I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna: «Styrken med prosjektet er den synlege heilskapen - at ingen har skore ut og utforma bygg på tvers av den overordna arkitektoniske ideen»


Det heile starta med at Xform kjøpte eit tomteområde i Porsgrunn, som nettopp var ferdig regulert. Gjennom Xform Eiedom AS vart tomtene lagt ut for sal. Krav til kjøparane var at dei måtte kjøpe eit arkitektteikna hus av Xform arkitektar. Resultatet vart sju funkishus på eit høgdedrag nær sjøen. Kvar kunde engasjerte eigen entreprenør, men Xform hadde det arkitektoniske ansvaret.


Kvar bustad er tilpassa den enkelte kunden og deira behov. Tomtane hadde ei open reguleringsplan, noko som vil seie at det ikkje var restriksjonar på kva som kunne byggjast. Resultatet vart eit intimt nabolag, men med rikeleg luft mellom husa. Kvar bustad får skine for seg sjølv!

bottom of page