top of page
Apotekargarden

Apotekargarden

Kombinert leilegheits- og næringsbygg midt i Førde sentrum.

2022, Førde


Byggherre: Xform Eiendom AS

Arkitekt: Xform AS

Interiørarkitekt: Xform AS



Apotekargarden er ein framtidsretta urban bygard i hjartet av nye Sunnfjord kommune.

Apotekargarden kombinerar:

- næringsareal i dei to nedre etasjane

- 11 studioleilegheiter i 2.etg

- 14 omsorgsleilegheiter for eldre i 3. etasje (2 stk i 4. og 5.etg)

- 23 sjølveigande bustader i 4. - 6. etasje

- takterrasse

- parkeringsgarasje




 

- LIVSKVALITET PÅ BLÅ RESEPT -

Det handlar om ein kvardag med glede og meining,

tilfredsheit, tryggleik og tilhøyrsle - det handlar om det som gjev livet verdi!

Livskvalitet kan målast på mange måtar. Vi i Xform meiner at kvaliteten på heimen din og omgjevnadane rundt har stor verknad på korleis du har det. Med gjennomtenkt arkitektur, høg kvalitet, gode løysingar og bonusfunksjonar som privat hagestove, frodig takterrasse, ekstra gjesterom og ei inviterande felles storstove trur vi Apotekargarden vil gje deg høg livskvalitet.



- BU-KVALITETAR -

Behovet for bustadareal er individuelt hos kvar einskild. Nokre treng stor plass, andre ønskjer mindre. Funksjon og fokus på gjennomtenkte løysingar er stikkord for alle bustadane. I garden finn du bustader i storleik frå 22 til 100 kvm. Xform sin dyktige interiørarkitekt har utarbeida vakre konsept for interiør og overflater. Dette sikrar ein heilhetleg og konseptuell heim, utan ein dyr tilvalsprosess.

Kvar bustad, med unntak av dei minste, har eiga romsleg hagestove. Dei er godt skjerma for innsyn frå naboane og omgjevnadane. Om ein ønskjer å treffe naboane er det berre å ta turen ut på takterrassen. Der er du midt i sentrum, men likevel tilbaketrekt og skjerma med frodige plantar, sittegrupper, overbygg, utekjøkken og leikeareal.

Når kvelden kjem og kulda sig på ønskjer ein kanskje å trekkje innomhus? Då er det varmt og godt å slå seg ned i «storstova». Den finn du i første etasje, innreia med tanke på ulike aktivitetar og sosialt samvær. Passar perfekt for kaffislabberas, spelekveld, vinkurs eller storfeiring av jubilant– for å nemne nokre døme.




- BÆREKTRAFTIG ARKITEKTUR -

På same måte som Førde har utvikla seg i takt med tid og situasjon, har også Langebruvegen 15-17 vore i stadig utvikling gjennom åra som har gått. Det har vore mange byggetrinn undervegs, noko adressa vitnar om.

Apotekargarden fortel ei historie om tradisjon for endring. Tida var komen for å bringe nytt liv inn i den gamle bygarden som ligg langs ei av Førde sine historiske byaksar. Eksisterande bygningsmasse vart transformert for å møte framtida. Fortetting og gjenbruk er bærekraftig og god byutvikling. Prosjektet har kvalitetar som legg til rette for auka konsentrasjon, intensitet og mangfald i denne delen av sentrum. Dette er med på å gje området særpreg og arkitektoniske kvalitetar.




 

Xform er arkitektane som vart eigedomsutviklarar!

Det seier seg då sjølv at vi har fokus på arkitektur, kvalitet og funksjon.


 


- ARKITEKTEN SINE TANKAR -

Apotekargarden er inspirert av dei mjuke kurvane og linjeføringane i art deco-stilen frå 1920- og 30-talet. Dette kjem mellom anna til uttrykk i balkongane som bølgar inn og ut langs fasaden og gjev bygget eit spennande, men samtidig mjukt og beherska uttrykk.

Som alltid har vi fokus på god funksjonalitet og høge materialkvalitetar. Apotekargarden er eit bygg som eldast med verdigheit. Lakkerte metallplater framhevar garden sin kraft og kurvande former. Dekorative haldbare plater med imitert trestruktur gjev varme og eleganse i hagestovene, og vert også nytta på fasadar i samband med inngangsparti. Lyssetjing er med på å understreke bygget sin signatur.


Vi gler oss også over at Langebruvegen vert ei møblert og triveleg bygate.

Ei flott ramme for eit godt liv!



Besøk nettstaden her!



bottom of page