Xform er arkitektane bak det nye politihuset i Førde

Det nye politihuset i Førde er det første politihuset som er teikna etter den nye politireforma. Xform er arkitektane bak bygget og har vore ansvarlege for arkitektur, interiør og landskapsarkitektur. Xform var også ansvarleg søkar for utbygginga fram til totalentreprenør tok over.



Foto: Xform

Politihuset er eit komplekst bygg med mange ulike funksjoner som stiller høge krav til arkitekturen.

Bygget ligg på Hafstad i Førde rett ved E39 på Hafstad. Tomta skrår litt mot nord, og dette er utnytta ved at 1. etasje ligg delvis under bakken. I 2. etasje på nordsida er publikumsinngangen plassert i tilnærma same nivå som E39. Bygget har tre etasjar og er på totalt 2480m2. Bygget rommar blandt anna garasje til utrykningskøyretøy, treningsrom, garderobar, glattceller, kantine, kontor- og møtelokaler.



Foto: Xform

Arkitekturen er brukt for å sikre bygget med tiltak som gjer at publikum blandt anna ikkje kan parkere heilt inn til bygget. Det er plassert murer, blomsterbed og pullerter for å skape ei fin sperre mellom tilkomstvei og sjølv bygget samtidig som det skal vere imøtekommande for publikum


Foto: Xform. Kantine/ lunsjrom


Foto: Xform. Fin fargekombinasjon og foliering på eit av møteromma

Politiet jobbar med mange konfidisielle saker, og lydforhold er difor eit viktig element i utforming av publikumssoner. Romma må ivareta personsikkerhet og konfidensialitet. Skrankane i resepsjonen er utforma som eigne lydisolerte rom.




Politihuset har ein kominasjon av cellekontor og kontorlandskap. Det er jobba grundig med plassering av kontora for å lage ei inndeling som fungerer god. Det er lagt inn cellekontor og stillerom for å dele opp kontorlandskapa. Kontorlandskapa har plass til 2-6 personar.



Politiet sin designmanual gav utgangspunktet for bruken av fargar og konsept. Interiørarkitekten si oppgåve var å tilpasse dette konseptet til bygget og skape ei fin heilheit.








0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle