Villa Kviteneset

Einebustad, Bygstad

2021

Kviteneset, Bygstad - 125 kvm


Villa Kviteneset ligg idyllisk til innerst i Dalsfjorden. Ein kompakt og funksjonell einebustad med moderne saltak-arkitektur. Glassfasaden opnar opp mot fjordutsikt og bringer naturen inn, noko som vert vidareført i materialbruk i interiøret.


Med utsikt til Osen gard, fjorden og fjella rundt var det viktig for eigarane med store vindu som blei nøyaktig plassert slik dei fekk den utsikten dei ønska. Huset er på ett plan og er bygd i ei lengde utan vinklar. Ein har likevel fått til ein lun uteplass på eine langsida ved å bygge ei utebod med tilhøyrande takoverbygg ved inngangspartiet. Det er nytta materialer av høg kvalitet. Fasaden er av vedlikeholdsfri kledning fra Superwood og i gangen er det lagt skifergolv.



Huset består av open stove- og kjøkken løysing - eit rom som innbyr til sosialt samvær. Kjøkkenøya er plassert slik at ein kan lage mat og sjå på den flotte utsikta, samtidig som ein har kontakt med gjestar som sit enten i stova eller rundt spisebordet. Stove og kjøkken er i heile bredda på huset, noko som gjer at det blir eit fantastisk lysinnslepp frå tre sider. Den plassbygde benken i vinduet blir ofte nytta til middagskvilen eller å lese ei god bok. Sittebenken er nøye planlagt for å utnytte plassen til det fulle.


Interiørarkitekt fra Xform har teikna interiøret og laga lysplan for heile huset.