top of page

Villa HB

Ny einebustad, Førde

2017-2019


Ei perle av ein heim! Med eit gjennomgåande interiørkonsept, gode løysingar og spesialdesigna innreiing er dette ein heim med det lille ekstra!


Villa HB er ein villa litt utanom det vanlege. Med sine runde former og eksklusive materialer skil den seg ut der den ligg i eit bustadfelt dominert av eldre bygg fra 70- og 80-talet. Eigarane var så heldige å få kjøpe ei sentral tomt i eit ettertrakta nabolag. Dei hyra inn Xform til å teikne huset og er strålande fornøgde med resultatet dei har fått.


Kjøkkenet er frå JKE og kjøkkenøya er spesialbygd av Jølster bygg. Dei runde formene ein ser utanfrå går også igjen på kjøkkenet. Treverket på innredninga og veggane er det samme som golvet og er av såpevaska Douglas gran fra Dinesen. Treverket gir liv og ein god lunheit til ein ellers nøytral bakgrunn. Benkeplata på kjøkkenet er av Corian, og er enkel å vedlikehalde.

Baderomma i huset har gjennomgåande nøytrale tonar slik som resten av huset. Begge bada har rikelig med dagslys inn gjennom store vindauge. Her er ingen innsyn, så her kan ein nyte eit bad med utsikt til det grønne nærområdet.


Alle områder i huset er god utnytta. Xform har teikna fleire spesialtilpassa møblar i fleire rom, bl.anna reolen på tv-veggen i stova, samt på soverommet er det laga ei plassbygd hylle i forlenging av veggen. Nattborda er laga av Jølsterbygg og gardinene i lin er levert av Marias hus. I tillegg er senger, garderobe og skrivepultar på barneromma er spesialbygd av Jølster bygg og er i samme materiale som golvet.


Golvet i huset er ein kombinasjon av slipt betong og Douglas gran frå Dinesen - sømlause overgangar. Trappa er levert av Trappeprodusenten i Askvoll. Veggkunsten i eine stova er laga av Kvistad, som også er gode vener av eigarane av huset. Belysninga i huset er godt planlagt og armatur er levert av Unilamp.


Vi takkar for eit unikt og kjekt prosjekt!

bottom of page