top of page

Tibber

Kontorlokale, Førde

2019 -


Tibber sine første kontorlokaler - utvikla av Xform!


Når ei framtidsretta og kreativ gründerbedrift som Tibber ynskjer seg eit identitetsrikt kontor, er det berre å tenkje utanfor boksen med ein gang. Dette skulle ikkje likne på noko tradisjonelt kontor, her skulle det vere ei engasjerande og leiken stemning, med stor variasjon av arbeidsplassar.


Konseptet tok utgangspunkt i den grafiske profilen til Tibber. Vi bygde vidare på dei grafiske elementa og lagde eit landskaps-likande tema for interiøret. Eit konseptbærande element er "boksen" med to stillerom, der det ytre skallet tek igjen både logofargar, grafikk og avatarar frå appen/nettsida. I tillegg hadde alle stilleroma sitt eige tema, t.d "Biblioteket", "Star Wars" og "Jungelen".


I dette prosjektet vart det levert skisser og konsept, og vidare utarbeid naudsynte teikningar og beskrivelsar for gjennomføring.

Tibber er stadig i vekst og har i fleire omgangar hatt behov for meir areal. I desse prosjekta har vår interiørarkitekt Astrid Marie Vie bidratt med fargeforslag og møblering.


Den siste utvidinga, i 2021, var implementering av eit ledig areal tilknytt det eksisterande lokale. Dette oppdraget gjekk ut på å sjå på ny planløysing og komme med forslag til justeringar, utarbeide møbleringsplanar, konsept for overflater, samt lage beskrivelse for innkjøp av laust inventar.



bottom of page