top of page

Stolmakergata

Oppussing av leilegheit, Oslo

2021


Oppussing av leilegheit på Grünerløkka i Oslo. Prosjektet omfatta nytt kjøkken, etablering av spisestue i naborom til kjøkken/stove, nytt overflatekonsept og ny belysning.


Kundane ynskja ein moderne heim med ein luksuriøs twist.



GOLV

Ved val av golv var det ujamne underlaget noko ein måtte ta omsyn til, og dermed valte vi eit matt belegg med betonglook. Dette gjev eit moderne og monotont uttrykk. Betonglooken var óg eit bevist val for å la valnøtta på kjøkkenet få vere hovud-treslaget, slik at det ikkje vart for mykje treverk på eit så lite areal.


På soveromma vart det lagt vegg-til-vegg-teppe i ein deileg mørk turkis farge - for å få fram den luksuriøse hotellfølelsen. Mange tenker kanskje at vegg-til-vegg-teppe ikkje er aktuelt mtp støv, men astmaforbundet er faktisk positive til bruken av teppe då støvet ligg i ro og ikkje er i bevegelse som på andre slettare golv.




FARGAR

Det er ingen kvite flater i denne heimen. Den lyse greige-fargen er på både veggar og himling i gang, kjøkken/stove og spisestue, noko som skapar eit roleg og monotont uttrykk. Golv-, dør- og vindaugslister er óg malt i same farge som vegg. For å skape noko variasjon er det nytta kalkmaling i same farge i spisestua.


Til tross for det moderne og luksuriøse uttrykket ynskja kunden at leilegheita ikkje skulle oppfattast som kjedeleg og steril. Dermed var balansert materialbruk og innslag av farge viktige verkemiddel for å skape den atmosfæra som kunden etterspurte. For å ikkje bryte opp veggflatene med kontrastveggar og holde ein "rein" fargepalett nytta vi himlinga til farge.


Dei to soveromma har ulikt fargekonsept, men framstår begge som luksuriøse på sin måte. Med utgangspunkt i det same golvteppe har det eine rommet ein mørk beige tone med svarte detaljar og innreiing, medan det andre rommet har ein djup terracotta-farge med svarte detaljar.




bottom of page