Musikkstudio

Artist, Bergen

2019


I samarbeid med Cowi utarbeida Xform sin interiørarkitekt, Sara Ødven, eit farge- og materialkonsept for eit musikkstudio til ein artist i Bergen. Problemstillinga var å lage eit heilheitleg og gjennomført konsept som tok omsyn til alle dei tekniske løysingane og akustiske behova eit slik rom har. Oppdragsgjevar for prosjektet var Cowi AS, og i samarbeid med Bård Støfringsdal vart det kartlagt ulike behov og rammer for både materialbruk og møblering.


Løysinga vart eit delikalt mørkeblått konsept med innslag av eik og svarte detaljar. Veggar består av reflekterande malte flater samt flater dekt i absorberande tekstil. I tillegg er synlege akustiske tiltak både på vegg og i himling i eik.


Sidan mange av flatene både på vegg og i himling hadde bestemte funksjonar sto ein ikkje like fritt til å nytte desse flatene til konsept-bærande element. Dermed spelte belysninga ei stor rolle for å skape bevegelse og den ynskja atmosfæra.


Eit spennande og lærerikt prosjekt!