top of page

Magne Hafstad AS

Kontor- og verkstadbygg, Førde

2019


I dette prosjektet, teikna av kollega Tore Hillestad, var interiørarkitekt Sara involvert frå skisse-stadiet, noko som sikrar eit heilheitleg konsept for heile prosjektet. T.d inkluderar fargepaletten ikkje berre kontor og kantine, men óg i verkstad- og vaskehallar.


Oppdragsgjevar Magne Hafstad AS er ein grunnentreprenør. Dette har arkitekten teke utgangspunkt i og forsøkt å gjenspegle i det arkitektoniske uttrykket av bygget. Temaet er ein fjellsprekk som symboliserer entreprenøren sitt arbeid med å bearbeide fjell og grunn til noko rafinert.

Fargar, materiale og overflater

Fasadematerialet er polerte betongelement i mørk farge med tilslag av larvekitt, kombinert med bruk av naturstein i "fjellsprekken" som underbygger konseptet med bearbeiding av fjell og grunn. Fasaden er brutt opp med utanpåliggande «fjellsprekker» utført i perforerte stålplater. Dette gjev eit ekslusivt og solid bygg som gjenspeglar entreprenøren sitt virke og filosofi.

Filosofien og materialbruken er óg teke med inn i bygget. Ein grunnentreprenør treng robuste og haldbare omgivnader då ein ofte kjem direkte frå byggeplass med grove skitne sko. Golva inklusive trapper i kontordelen er utført i slipt betong etter HTC-metoden. I sjølve fjellsprekka er natursteinsmuren tatt med inn som ein link mellom ute og inne. Kombinert med olja eik og eit gjennomarbeida belysningskonsept gir dette eit varmt og holdbart materialkonsept.


Oransje ytterjakker er typisk arbeidsbekledning i anleggsbransjen, og fargepaletten tek derfor utgangspunkt i at oransje detaljar skal vere ein del av interiøret. Hovudfargane i paletten blei då blå-grå nyansar, som er komplimentærfargen til oransje.


Som følgje av dette var olja eik eit naturleg val av trevirke, og spelar på dei varme oransje tonane i konseptet. Dette materiale er brukt i spile-himling, omramming av glassystem, resepsjonsdisk og andre detaljar. På denne måten skapar ein heilheit og ein raud tråd gjennom heile prosjektet.


Prosess

I dette prosjektet har interiørarkitekt vert involvert i skisse- og tilbodsfase og produsert naudsynt grunnlag/teikningar for gjennomføring av konsept, samt oppfølging under byggets oppføring.


bottom of page