Lotteri- og Stiftelsestilsynet - del 2

Møte- og prosjektsenter, Førde

Xform har hatt to oppdrag for Lotteri- og Stiftelsestilsynet, i 2018 og 2019/20. I første omgang var det etablering av kaffibar/møtepunkt, samt sjå på tiltak for å gjere kantina i bygget hyggelegare (sjå eigen artikkel om dette prosjektet); og det andre prosjektet gjekk ut på å etablere eit møte- og prosjektsenter.



Møte- og prosjektsenter

Lotteri- og Stiftelsestilsynet hadde fleire cellekontor og møterom tilgjengeleg i nabobygget som sjeldan var i bruk. Då behovet for eit møte- og prosjektsenter meldte seg vart det aktuelt å sjå på moglege justeringar av dette lokalet. Kunden sitt ynskje var at dette lokalet skulle skilje seg frå dei tradisjonelle cellekontora. I møte- og prosjektsenteret skulle det vere ei livleg og uformell atmosfære, som skulle inspirere og bidra til kreativitet.

Arbeidsprosess og leveranse

Prosessen byrja saman med brukargruppa for å kartlegge behov og ynskjer. Deretter var det skissering av ny planløysing, samt å lage eit farge- og materialkonsept. Løysingar blei presentert og diskutert med brukargruppa. Vidare vart det kartlagt kva møblar ein kunne gjennbruke i den nye løysinga. Mange av møblane var av god kvalitet, og fleire av desse fekk vi bestilt nye trekk til slik at dei passa inn i fargekonseptet.


Vidare følgte naudsynte arbeidsteikningar (plan, himling, overflater osv), teikningar til plassbygd tribune og plantekassar og møbelbeskrivelse (offentleg anskaffelse).


Xform sin int.ark, Sara Ødven, var prosjektleiiar under ombygginga og styrte prosjektering, kontrahering, fulgte opp leveransar og framdrift.