top of page

Leilegheit ZigZag

Interiørtenester leilegheit, Førde

2019 - 2020


Ved kjøp av toppleilegheit ynskja kunden hjelp til val fargar og golv, fliser, samt utarbeiding av møbleringsplan og himlingsplan. Leilegheita har ei langstrakt stove med vakker utsikt, men møbleringssonene kom ikkje naturleg av planløysinga. Oppteikning av møblering var óg naudsynt for ei nøyaktig planlegging av perforert lydhimling, belysning, intergrerte høgtalarar og andre tekniske element som t.d sprinkler. Himlingar med mykje "innhold" kan fort oppfattast rottete i eit så stort og langstrakt rom, så her er det viktig med god prosjektering og dialog med utbyggar og tekniske fag.

Fargepaletten er djup, varm og oppfattast eksklusiv. Med varm beige som hovudfarge spelar gyllne bruntonar og eik god saman. Bruk av tapetar skapar tekstur og dybde, og er eit viktig element for å gje romma det eksklusive preget. Kalkmaling på peis saman med tekstilar i form av gardiner og golvtepper gjev óg eit innbydande og dempa inntrykk.


Her skal ein finne roen og nyte kvardagen til det fulle!

bottom of page