top of page

HVL Bibliotekt

Ny møbleringsplan og innkjøp av møblar, Høgskulen Vestland

2020


Prosjektet med biblioteket til Høgskulen i Vestland var eit prosjekt der vi fekk til store endringar ved enkle tiltak!


Bestillinga frå biblioteket var klar:

Vi ynskjer oss ein heilskapleg gjennomgang av bruken av bibliotekareala ved campus Førde, der det vert teke omsyn til ulike aktiviter og behov, estetikk, lysforhold, fleksible løysingar og biblioteket som uformell læringsarena for campus Førde. Det bør vurderast gjenbruk og nye innkjøp, og om golv og vegger skal gjerast noko med.


Det var gjort ein del endringar, stykkevis og delt, sidan bygget sto ferdig i 2005, noko som hadde ført til at heilheita var broten opp. Behovet for strukturerting, soneinndeling og å skape ei hyggeleg atmosfære var på tide. Det var behov for ulike soner som

  • Skrankeareal / vrimleareal: m. søkestasjon og utstillinginventar

  • Sosiale soner med sittegrupper: for møteplassar, avslapping og variasjon

  • Studentarbeidsplassar: omlag 70 stk fordelt på individuelle og gruppearbeidsplassar

  • Hylleareal: redusere og omorganisere seksjonar frå 248 til 180 hyller, supplere med nye reolar der det trengs

  • Etablere ein læringslab i kjellaren: for fleksible pedagogiske aktivitetar


Det var eit stort fokus på å gjennbruke så mykje som mogleg av inventar og overflater, så oppgåva vart å finne ut kva tiltak ein kunne gjere for å sy det saman.

Bileter før:

Før



Ny løysing

Løysinga vart ein ny møbleringsplan med omstrukturering av hyller og innhold, sittegrupper og arbeidsplassar. Det vart supplert med nye møblar der det trengdes. Desse tok utgangspunkt i dei eksisterande møblane og fargane i lokalet slik at golv og veggar ikkje trengde vidare oppussing og ein fekk nytta mykje av eksisterande møblering. Den nye planløysinga gjorde slik at arbeidpassar fekk godt med dagslys, hyller danna gode skiljer mellom soner samt at det vart etablert fleire ulike soner.


I kjellaren vart det etablert ein læringslab med ulike soner for variert arbeid. Løysinga er óg enkelt å justere på for å lage oppsett til presentasjonar eller anna formidling for fleire personar. Ved bruk av møblar med høg rygg, gardiner og mobile skiljeveggar dannar ein eit fleksibelt miljø til variert bruk.



Prosess og leveranse

Interiørtenestene innehold skisse- og konseptarbeid, møbleringsplan, beskrivelsar for nytt inventar, samt oppfølging og dialog med brukargruppe.

bottom of page