top of page

Bustad Bygstad

Renovering einebustad

2021 -


Renovering av ein einebustad frå 1988. Kunden ynskja hjelp til ny planløysing i soveromsfløy for å få plass til eit walk-in-closet, samt hjelp til val av fargar og materiale i samband med renoveringa. Huset har ein U-form er på eitt plan, og renoveringa skal gå over 2-3 periodar. Det var ynskje om å tilføre fargar men likevel å ta vare på heilheita og flyten i bygget.


FARGE- & MATERIALKONSEPT

Målet med materialkonseptet er å skape ei heilheitleg, naturleg og balansert atmosfære. Dei ulike golva skal ha noko lunde same fargetone for å knytte huset saman. Fargepaletten skal heller ikkje oppfattast kontrastfull, men likevel vere den største stemnings-settande faktoren og ha ei aktiv rolle i interiøret. Kvitlasert furu og lys varm eik gjev eit lyst men varmt utgangspunkt. Fargar som plomme, blått, terracotta, grøn og beige er fargar henta frå naturen og skapar dermed ei fin heilheit sjølv om fargane skiljer seg frå kvarandre. Kontrastfargar som gul og rosa, samt meir kullørsterke tonar av hovudfargane, er det som skapar dynamikk og dybde i konseptet.

Endring av planløysinga gjev rom for etableringa av walk-in-closet i samanheng med hovudsoverom. Saksing av veggar gjev gode løysingar for klesskap og skrivebord, og lagar gode nisjer til senger.


Utsnitt av eksisterande plan og ny overflatebehandlingsplanen:



Første del av prosjektet er gjennomført, og neste steg er kjøkken og kvardagssstove.

bottom of page