top of page

Apotekargarden

Kombinert næring- og leilegheitsbygg

2016 - 2022


Apotekargarden - livskvalitet på blå resept

Livskvalitet kan målast på mange måtar. Vi i Xform meiner at kvaliteten på heimen din og omgjevnadane rundt har stor verknad på korleis du har det. Med gjennomtenkt arkitektur, høg kvalitet, gode løysingar og bonusfunksjonar som privat hagestove, frodig takterrasse, ekstra gjesterom og ei inviterande felles stor-stove vil Apotekargarden gje høg livskvalitet.


Dette gav grunnlaget for val og utvikling av dette kombinerte næring- og leilegheitsbygget.


Interiørkonseptet bygger på materialbruken i eksteriøret - eit bevist val for å skape heilheit og ein raud tråd gjennon heile bygget. Varmt treverk saman med blåtonar spelar hovudrolla i konspetet, medan beige, bruntonar, oransje og svart er nytta som alternativ til både veggar og innreiing. Det er nesten ingen kvite flater å sjå, og bygget opplevast delikat, varmt og eksklusivt - her kan ein trivast!

I prosjektet Apotekargarden har interiørarkitekt-rolla omfatta mange ulike oppgåver, og vert med i frå start til slutt. Interiørarkitekten har t.d hatt ansvar for:


  • Skisse av planløysing og møbleringplanar

  • Vert ansvarleg for sal av leilegheiter

    • Utarbeide salsprospekt og nettside

    • Utarbeide tilvalspakkar for overflater i leilegheitene

    • Ha kjøpar-møter og kontraktsmøter ved sal

  • Val av overflatekonsept for heile bygget

    • U1 - kjellar med boder og parkeringsgarasje

    • 1.-2. etasje med kontorlokaler, fellesareal og hyblar

    • 3. etasje med omsorgsleilegheiter for Sunnfjord Kommune

    • 4.-6. etasje med leilegheiter for sal

  • Utarbeida beskrivelsar av laust og fast inventar, innhente tilbod og val av leverandør

  • Utarbeida grafisk profil for skilting og merking, bestilling av dette


Vi i Xform har sjølve flytta inn i fine kontorlokaler i 1. etasje - så kom gjerne innom!

bottom of page