top of page

Accountor Gloppen

Kontorlokale, Sandane

2018 - 2020


Midt i Sandane sentrum i "Henden-bygget" har Accountor Gloppen lokaler. Desse trengde sårt renovering og bar preg av slitasje, lite dagslys og utdatert planløysing og interiør. I samband med renoveringa ynskja kunden ei ny planløysing etter prinsippet front-office + back-office, samt opne opp, få meir dagslys og generelt eit meir moderne lokale.



Renoveringa vart planlagt over to trinn slik at ein kunne ha drift på kontoret gjennom heile prosessen. Antall arbeidsplassar og tilhøyrande funksjonar vart kartlagt og var grunnlaget for ny planløysing. Bygget har ein konstruksjon med søyler og dragarar, og i kombinasjon med lav takhøgde skapte dette nokre vanskelege problemstillingar mtp ventilasjon og himling. Løysinga var å legge om ein del av føringsvegane for ventilasjonen og ein kombinasjon av systemhimling og direktemontert himling. Materialet i den direktemonterte himlinga vart eit konseptbærande element som óg vart brukt på vegg for akustisk demping i kantina.


Farge- og materialpaletten er lys og lett i arbeidsareal og har meir dybde i fellessoner og kantineområdet. Bruken av treulitt i taket er óg brukt på vegg, nok som er eit akustisk dempande element som bidreg til eit godt lydmiljø. Golvbelegget i betonglook skapar eit nøyrtalt utgangspunkt for resten av konseptet.


Innkjøp av møblar har Accountor Gloppen stått for sjølve.

bottom of page