1Q2A7430.jpg

- INTERIØR -

Xform interiør utviklar spennande konsept og unikt design til din private heim, til næring eller til offentlege bygg. Vi kan tilby tenester av både stort og lite omfang, alt etter ditt behov!

Ta ein titt på kva vi kan tilby nedanfor.

Sara Ødven

Interiørarkitekt BA

1Q2A7434-Edit.jpg

Sara er lidenskapleg opptatt av farge-og miljøpsykologi; kva fargar, belysning, interiør og omgjevnadar gjer med oss som menneske. Hennar mål er alltid å skape gode, engasjerande og funksjonelle miljø, der brukaren følar seg varetatt og prioritert. Sara er utdanna interiørarkitekt frå Høyskolen Kristiania i Oslo, med bakgrunn i ulike interiørutdanningar heilt frå vidaregåande skulegang.

Sara Ødven

Interiørarkitekt BA

  • Gray Pinterest Ikon

Astrid Marie Vie

Interiørarkitekt / fotograf

1Q2A7442-Edit.jpg

Astrid har vore interessert i interiør heile livet og er utdanna interiørdesigner frå NKI. Ho er oppteken av naturlege materialer, lys og fargar, samt detaljar og eit tidlaust interiør. Målet hennar er å skape harmoniske heimar og kreative arbeidplassar. Astrid er óg lidenskapleg opptatt av foto og har 13 år bak seg som fotograf der ho blant anna har jobba med store merkenamn som Hadeland glassverk, Eva Solo, Skagerak og New Works.

Astrid Marie Vie

Interiørarkitekt / fotograf

  • Gray Instagram Ikon
 

Våre
tenester

Xform interiør tilbyr eit breidt spekter av tenester tilpassa dine behov, ynskjer og budsjett.

Ta kontakt for meir informasjon og eit uforpliktande tilbod!

01

Rettleiing

Ved rettleiing vert all informasjon levert i skriftleg eller muntleg format. Det vert ikkje utarbeida teikningar eller 3D, då dette vert rekna som interiørprosjektering. 

02

Interiørprosjektering

Tenester innan interiørprosjektering gjev deg 2D og/eller 3D-teikningar, og evt. andre dokument som er naudsynt for å løyse og gjennomføre dine behov og ynskjer.

IMG_7909.JPG

Fargar & materiale

Gode val av fargar og materiale er viktig for å skape heilheit og den ynskja atmosfæra. Ein samansatt palett kan vere kompleks, og det kan vere mange element å tenkje på. Vi hjelper deg med å finne eit konsept som passar deg/dykk perfekt ut i frå ynskjer, eksisterande føringar og behov.

1Q2A6338-Edit.jpg

Belysning

Belysning har både ein naudsynt funksjon, men kan óg vere viktige design-element i interiøret. Belysning er avgjerande for korleis ein opplever rom og har dermed stor betyding! Vi utarbeidar belysningskonsept og planar ut i frå funksjon, behov og ynskja stemning.

1Q2A7151-Edit.jpg

Identitet og firmaprofil

Interiør er ein effektfull måte å vise identitet og merkevare, samt å skape ei heilheitleg og profesjonell framtoning ut mot kundar. Slik profilering gjeld både kontor, restaurantar og anna næring. Vi tek utgangspunkt i bedrifta og vidarefører konseptet til fargar, materiale møblering, profilering og lokale.

IMG_3438.jpeg

Møblering

Å velje rett møblering er ikkje alltid like lett då det er mange faktorar å ta omsyn til. Kva har ein plass til? Er soneinndeilig mogleg? Kva utrykk skal dei ha? Vi lagar løysingar tilpassa rom og ynskja funksjon, samt møbleringskonsept som vidareførar ynskja uttrykk og stemning.

DSC_0070 kopi.jpg

Spesialdesign

Spesialtilpassa inventar skapar eit funksjonelt og stilfullt interiør. Anten det er laust eller fast inventar vil spesialdesign vere skreddarsydd til dine behov og ynskjer. Vi lagar arbeids- og produksjonsteikningar, samt 3D-visualiseringar og naudsynt beskriving - då sikrar vi deg ditt drømme-møbel!

1Q2A2367-HDR.jpg

Innkjøp og prosjektleiing

Trengs det nytt inventar? Vi utarbeidar beskrivelsar og kan innhente prisar. Nye lokaler eller pusse opp/bygge om? Vi kan følge og styre prosjektet frå A - Å; frå konsept, til tilbod og arbeidsteikningar, samt prosjektleiing og styring.

 

Eg er meget fornøgd med prosessen med interiørarkitekt. Det var befriande å kunne konsentrere seg om drift, samtidig som det andre gjekk av seg sjølv i kullissane der prosjektleiar hadde full kontroll.

Line Kilnes, Dolly Dimples Førde