"Livskvalitet på blå resept"
Det handlar om ein kvardag med glede og meining,
tilfredsheit, tryggleik og tilhøyrsle - det handlar om det som gjev livet verdi!
Livskvalitet kan målast på mange måtar. Vi i Xform meiner at kvaliteten på heimen din og omgjevnadane rundt har stor verknad på korleis du har det. Med gjennomtenkt arkitektur, høg kvalitet, gode løysingar og bonusfunksjonar som privat hagestove, frodig takterrasse, ekstra gjesterom og ei inviterande felles storstove trur vi Apotekargarden vil gje deg høg livskvalitet.
Her skal kvardagen vere avslappa og komfortabel. Du skal sleppe å tenkje på vedlikehald. Det har vi gjort for deg slik at du kan bruke tida på det du har lyst til. Kanskje vil du lene deg tilbake i godstolen for ei roleg stund med favorittboka i hagestova? Vere sosial med vener og familie i storstova eller på takterrassen, eller kanskje du heller vil snøre på deg fjellskoa og ta ein tur opp Hafstadkleiva før du møter gode vener for ein kaffikopp på Kunstmuseet?
I Apotekargarden kan du leve eit urbant liv med nærleik til alt det eit sentrum kan tilby.
Arkitektur med identitet
Kvalitet og estetikk
Vestvendt, sentral og solrik plassering
Fellesløysingar inne og på takterrassen
Innglassa terrassar
Bærekraftig arkitektur
X.BU KVAMSFOSSEN
Xform ynskjer å kunne tilby gode tomter og bustadprosjekt av høg kvalitet. Ved Kvamsfossen har vi no starta planlegginga av eit nytt bustadfelt - tett på naturen og med kort veg til skule, barnehage og andre viktige funksjonar i kvardagen. Her ynskjer vi å etablere eit heilskapleg bustadområde med 16-20 einebustadar - med moderne arkitektur, eit godt bumiljø og varierte, gode areal for uteopphald. Kvamsfossen bustadområde ligg vakkert til mellom Angedalselva og Gilgrova. Elvebrus, blåbærlyng, lauv- og furuskog gjev området særpreg. Vi vil tilby arealeffektive bueiningar av høg kvalitet med god funksjonalitet og lite behov for vedlikehald. Prosjektet vil legge vekt på på miljøriktige løysingar og ei skånsam tilnærming til eksisterande landskap og vegetasjon.
Gjennom dette prosjektet ynskjer vi å vise at eit bevisst og målretta arbeid med arkitektur i skånsamt samspel med naturen gjer eit heilskapleg og attraktivt bustadområde og legg rammene for eit godt bumiljø. Her er naturen premissgjevar for bustadene -
ikkje omvendt. Vi i kallar det ARK-I-NATUR.
Ta kontakt med oss om du ynskjer meir informasjon!
ARKITEKTUR
Xform skapar arkitektur med identitet som gjev uttrykk for vår tid, med brei erfaring og kompetanse innan prosjektering av bygg og planprosessar.
INTERIØR
Xform utviklar spennande konsept og unikt design til din private heim, til næring eller til offentlege bygg!
EIGEDOM
Xform er ein moderne og framtidsretta utbyggar som ynskjer å skape og utvikle med kvalitet i fokus!